Politisk og administrativt eigarskap til samfunnsplanlegginga
Det er avgjerande at kommuneleiinga tek eigarskap til arbeidet med samfunnsdelen.
Når planarbeidet har solid forankring i både kommunedirektøren si leiargruppe og i kommunestyret, blir det enklare å lukkast, både med ein god og effektiv prosess, og med eit godt resultat som set strategisk retning for samfunnsutviklinga i kommunen.
Samfunnsdelen som styringsverktøy for nytt kommunestyre
Det er kommunestyret som vedtek samfunnsdelen og som eig oppfølginga av planen. For å bygge opp om dette eigarskapet må kommunestyret ta aktiv del i planarbeidet frå start.
Gjennom planstrategien har kommunestyret vurdert om det er behov for å gjere endringar på samfunnsdelen. Ein god planstrategiprosess i kommunestyret kan styrke samfunnsdelen som styringsverktøy, ved at samfunnsdelen sin politiske relevans blir gjort tydeleg for kommunestyret tidleg etter valet.
Kunnskapen i det politiske miljøet, om planlegging og om samfunnsutviklinga, er ein føresetnad for eit sterkt politisk engasjementet for planlegginga. Å styrke kunnskapen i det politiske miljøet bør være et kontinuerleg arbeid i kommunestyreperioden. I staden for å legge til grunn at dei folkevalde har full oversikt over arbeidet, bør planprosessen være tilpassa dei representantane som har minst erfaring og kunnskap om planoppgåvene.
Mangel på tillit, anten internt i kommunestyret eller mellom kommunestyret og administrasjonen, svekker samfunnsdelen som styringsverktøy. I kommunar som manglar tillit internt, bør både kommunestyret og administrasjonen jobbe kontinuerleg med å styrke denne.
Samfunnsplanlegging er eit leiaransvar
Kommunedirektøren og ordføraren sitt engasjement og prioritering av samfunnsplanlegginga er viktig for å styrke engasjement for planprosess og gjennomføring av planen i kommunestyret og i kommuneorganisasjonen.
Ordføraren må ta ansvar for å sette samfunnsplanlegginga på dagsorden i kommunestyret, og at kommunestyret prioriterer nok tid og kapasitet til å jobbe politisk med samfunnsplanlegginga.
Kommunedirektøren og administrativ leiargruppe må ta ansvar for å prioritere nok kapasitet og riktig kompetanse frå administrasjonen si side for å jobbe med samfunnsplanlegginga. Og koordinere korleis dei ulike einingane i kommunen bidreg til planlegging og gjennomføring, av planen.
Ordførar og kommunedirektør med leiargruppe har eit felles ansvar for å bidra til godt samarbeid og tillit på tvers av politikk og administrasjon. Dette er viktig både for å lukkast med ein god planprosess og i oppfølginga av planen.
Både administrativ leiargruppe og politisk leiing i er viktige for å trekke til seg og halde kontakten med samarbeidspartar utanfor kommuneorganisasjonen. Spesielt ordførar står i ei særstilling når det gjeld å kunne mobilisere innbyggarar og næringsliv til å følge opp planen.
Arbeidsformer som styrkar politisk eigarskap
Erfaring frå fleire distriktskommunar viser at kva arbeidsform kommunestyret har kan ha innverknad på kommunestyret sin kunnskap og engasjement for samfunnsplanlegginga, og også styrke samfunnsdelen som styringsverktøy. Her følger nokre eksempel på arbeidsformer det kan vere verdt å ta i bruk i arbeidet med planlegging:
Politisk arbeidsverkstad
I KS-prosjektet Ny agenda for kommuneplanens samfunnsdel har fleire kommunar hatt god erfaring med tverrpolitiske verkstader. Ein arbeidsverkstad er ein god metode når ein ønskjer at fleire deltakarar, for eksempel eit heilt kommunestyre, skal ta aktiv del i vegval og prioriteringar til samfunnsdelen. Som møteform skil arbeidsverkstaden seg frå det ordinære kommunestyremøtet ved å vere mindre formell, og at alle deltakarane deltek aktivt og samhandlar gjennom heile økta. I arbeidsverkstaden er deltakarane organisert i grupper, gjerne på tvers av bakgrunn som kjønn, erfaring og partitilhøyrsle . Gruppene diskuterer relevante problemstillingar, gjer felles prioriteringar og oppsumerar for kvarandre i plenum. Alle deltakarane kjem til orde, og arbeidsforma bidreg til å få fram mangfald av meiningar og idear utan at nokre sterke stemmer blir for dominerande.
Arbeidsverkstaden må vere godt førebudd, slik at gruppearbeida gir nyttige svar.
I arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen er det ein god ide å involvere kommunestyret i arbeidsverkstad på tidspunkt i prosessen kommunestyret tek stilling til retningsval og prioriteringar i planen. Ein kan med fordel gjennomføre feire verkstadar i løpet av prosessen.
Kommunalt planforum
Nokre kommunar jobbar systematisk og kontinuerleg med å styrke kunnskapen om planlegging i kommunestyret. Holtålen kommune har velt å institusjonalisere ein uformell arena for læring i kommunestyret. Det har kalla det “kommunalt planforum”. Planforum blir arrangert i forkant av kommunestyremøtet, men har ei mindre formell råme utan krav til saksdokument og referat. Ved kvart planforum får kommunestyret lagt fram innhald som er relevant anten som kunnskapsgrunnlag til planlegginga eller som del av ein konkret planprosess. Målet er at planforum skal gje kommunestyret større innsikt i kommunen sine planoppgåver, og i tillegg ha oppdatert kunnskap som grunnlag for å ta gode politiske avgjerder i planprosessane. Planforum er reint saksførebuande og det blir ikkje fatta vedtak.
I Holtålen har planforumet bidrege til at dei folkevalde har fått større kunnskap og engasjement for dei kommunale planoppgåvene. I tillegg til å styrke dialog og kunnskapsdeling mellom politikk og administrasjon.
Politisk arbeidsgruppe
Det finnes fleire eksempel på kommunar som opprettar eigne politiske arbeidsgrupper for planarbeidet. Planutvalet i kommunen kan få ei slik aktiv rolle, men det er og mogleg å opprette ei eiga politisk arbeidsgruppe. Arbeidsgruppa bør vere breitt samansett, med deltakarar frå ulike politiske parti, for å spegle eit mangfald i kommunestyret.
Verktøy og metoder
Slik lykkes du med arbeidsverksted
Kommunalt planforum styrker plankulturen
Slik bygger du tillit for effektivt samarbeid – Distriktssenteret
Kilder
Plathe, Erik, May Britt Hernes, Kristin Karlbom Dahle (2022) Ny agenda for kommuneplanens samfunnsdel, KS-FoU prosjekt om kommuneplanens samfunnsdel som lokalpolitiskstyringsverktøy, Sluttrapport.