Høyringsfasen
Når utkast til samfunnsdel er ferdig, skal kommunestyret legge utkastet på høyring og offentleg ettersyn.
Krav til høyring og offentleg ettersyn
Det er kommunestyret som vedtek å legge utkastet på høyring og offentleg ettersyn. Høyring og offentleg ettersyn skal følgje prosessreglane i plan- og bygningsloven §5-2 og §11-14. Planutkastet skal sendast til nabokommunar og relevante statlege og regionale aktørar. Utkastet skal og vere tilgjengeleg på internett, og vere kunngjort i minst ei avis som har god dekning i kommunen. Fristen for å kome med innspel skal vere minimum 6 veker. Det er ikkje høve til å fremme motsegn til samfunnsdelen. Dette utgjer minstekravet til medverknad i høyringsfasen.
Legg til rette for medverknad i høyringsfasen
Sjølv om kommunen har opna for innspel tidlegare i prosessen, er det ofte enklare for både innbyggarar, næringsliv og organisasjonar å kome med relevante innspel når dei ser planutkastet. Høyringsperioden er difor eit godt høve til å legge til rette for medverknad frå innbyggarar og næringsliv.
Ved utlegging bør kommunen tydeleggjere om det er utvalde delar eller tema der kommunen er spesielt interessert i innspel. TIl dømes kan det vere nyttig å få innspel frå kommunesamfunnet på korleis ein kan jobbe for å nå måla, gjennom strategiar og tiltak. Mange mål er avhengige av samarbeid mellom ulike aktørar i samfunnet og på tvers av offentleg og privat sektor. Slik kan planprosessen danne grunnlag for realisering av planen.
Om det er utvalde målgrupper som er spesielt viktige for realiseringa av samfunnsdelen, bør ein legge spesielt til rette for medverknad frå denne gruppa. Plan og bygningsloven gir kommunen et særleg ansvar for å legge til rette for medverknad frå innbyggargrupper som treng spesiell tilrettelegging, til dømes born og unge eller menneske med nedsett funksjonsevne. Det er sjeldan slik at ein medverknadsmetode vil treffe alle innbyggargrupper like godt, og kommunen bør bruke ein grad av skreddarsaum for å tilpasse metoden til den målgruppa ein vil nå.
Kva endringar kan ein gjere i planen etter høyring?
Medverknad kan føre til endringar i mål og strategiar, og gode forslag til strategiar og tiltak for å følgje opp måla i praksis.
Plan og bygningsloven §11-15 gjeld saksgongen for å endre kommuneplanen etter høyring. Det sentrale i tolkinga av lova er at alle delar av planen skal vere gjenstand for naudsynt formell planprosess, der verknader av planen er tilfredsstillande vurdert.
Om kommunen gjer vesentlege endringar i samfunnsdelen som følgje av høyring, bør kommunen vurdere å legge samfunnsdelen på ny høyring. Samfunnsdelen legg, til skilnad frå arealdelen, ikkje føringar for rettar og pliktar for einskildpersonar. Difor er rommet for å gjere endringar etter høyring større for samfunnsdelen enn for arealdelen.