Lag plan for prosessen (planprogram)
Planprogrammet er eit verktøy for å planlegge planprosessen. Planprogrammet bør sørge for at planprosessen ikkje vert meir omfattande enn behovet.
Krav til planprogrammet
Plan og bygningsloven (§4-1) sett krav om planprogram når kommunen skal utarbeide/ revidere kommuneplanens samfunnsdel. Planprogrammet skal gjere greie for:
- Føremålet med planarbeidet.
- Planprosessen med fristar og kven som skal delta.
- Opplegg for medverknad
- Kva konkrete tema planen skal vurdere
- Behovet for utgreiingar og kunnskapsgrunnlag
Plan- og bygningsloven § 11-12 og 11-13 sett krav om offentleg ettersyn og høyring av oppstartsvarselet og planprogram for arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel.
Klargjer føremål og omfang av planarbeidet
Planstrategien legg politiske føringar for kva som er føremålet med og omfanget av planarbeidet. Planprogrammet skal bygge vidare på og konkretisere dette. Ser kommunestyret behov for ein heilt ny plan, eller er det tilstrekkeleg å endre delar av planen? Det er mogleg å avgrense revisjonen til å gjelde utvalde tema eller deler av samfunnsdelen. Til dømes å inkludere eit nytt politikkområde, ta omsyn til nye nasjonale føringar eller til å revidere utvalde delar av samfunnsdelen.
Legg til rette for politisk engasjement
Utarbeidinga av planprogrammet er ein god moglegheit for å bygge kommunestyret sin kunnskap og eigarskap til planlegginga, ved å legge til rette for:
- at kommunestyret har relevant kunnskap om planarbeidet, slik at dei forstår betydninga av prosessen
- at kommunestyret har relevant kunnskap om kommunen som organisasjon og samfunn, slik at dei kan gjere gode prioriteringar i planlegginga
- at kommunestyret får gode rammer for å diskutere planarbeidet, slik at planen reflekterer dei ambisjonane som kommunestyret har for utviklinga i kommunen.
Planlegg ein realistisk prosess
Planprogrammet bør legge til rette for ein realistisk prosess innanfor dei ressursane som kommunen har.
Ein føremålstenleg og realistisk prosess bør ta utgangspunkt i følgande tre spørsmål:
- Kva mål har vi med planprosessen?
Målet kan med fordel si noko kvalitativt om sluttresultatet. Til dømes «Samfunnsdelen er godt forankra i kommunestyret og administrasjonen», eller «Samfunnsdelen er eit enkelt og godt styringsverktøy». Det kan vere nyttig å definere delmål for dei ulike fasane av arbeidet.
- Når er det realistisk at vi er ferdige?
Prosessplanen bør synleggjere når arbeidet skal vere ferdig, og vise eit grovt estimat av kor mykje tid ein skal bruke på dei ulike fasane av prosessen.
Det er ein fordel om planen er vedtatt i løpet av første halvdel av valperioden, sånn at kommunestyret og får tid til å jobbe med realisering av planen. Fleire aktivitetar er pålagde etter plan og bygningsloven. Dette gjeld politisk vedtak om oppstart, høyring og endeleg vedtak av planen. Det gjeld også reglar om høyring og offentleg ettersyn ved oppstart og før vedtak av plan. Ved å tidfeste desse milepålane i prosessplanen har arbeidsgruppa ei tidsmessig ramme for dei ulike fasane av arbeidet.
- Kva aktivitetar skal bidra til ønska resultat?
Alle lovpålagde aktivitetar bør synleggjerast i prosessplanen. I tillegg bør planen inkludere andre aktivitetar som skal bidra til ein god planprosess. Planen bør synleggjere kven som har ansvaret for kva.
Planprogrammet på høyring og offentleg ettersyn
Planprogrammet skal være på høyring og offentleg ettersyn i minst 6 veker. Normalt varslar kommunen samtidig varsel om oppstart av planarbeid (plan og bygningsloven § 11-12 og 11-13). Det er kommunestyret som vedtek å sende planprogrammet på høyring.
Dersom kommunen skal revidere/utarbeide både arealdelen og samfunnsdelen, bør planprogrammet vere felles for begge. Det er mogleg å vedta planprogram for kommuneplanen samtidig med planstrategien. Reglar for høyringsperioden og vedtak skal då følgje prosessreglane for kommuneplanen i plan og bygningsloven. Om planstrategien skal innehalde drøfting av andre planbehov, bør planstrategien og planprogrammet vedtakast som ulike dokument, men kan likevel leggast fram samtidig.
Høyringsperioden er eit godt tidspunkt for tidleg dialog med fylkeskommune og Statsforvaltar.
Legg til rette for medverknad om kunnskapsgrunnlaget
Innbyggarar og næringsliv har kunnskap som er viktig for kunnskapsgrunnlaget. Kunnskap om opplevde utfordringar og moglegheiter for innbyggarane, næringsliv og frivilligheit bidreg til å gi eit reelt bilde på utviklinga og utfordringar i kommunen. Subjektiv kunnskap om korleis innbyggarar i ulike aldersgrupper har det i kommunen, kan utfylle objektiv kunnskap om demografi og flyttemønster.
Ei utfordring som kan oppstå ved større nasjonale spørjeundersøkingar er at talet respondentar i små distriktskommunar er så lågt at det er vanskeleg å framstille god statistikk på kommunenivå for dei minste kommunane. Lokale spørjeundersøkingar kan difor vere eit viktig supplement til nasjonal statistikk i kommunar med lågt folketal.
Kunnskap frå lokalt næringsliv om utviklingsplanar, utfordringar og synet på den kommunale næringsutviklar-rolla kan gi nyttig informasjon om korleis kommunen kan styrke næringslivet i kommunen.
Ei digital spørjeundersøking er ein effektiv metode for å samle inn meiningar frå mange. Det er ein god metode for å la innbyggarar og næringsliv vere med på å forme kunnskapsgrunnlaget til kommuneplanen.