Det kommunale plansystemet/planverket er forankra i plan- og bygningsloven, og gjeld planlegging av både den fysiske og samfunnsmessige utviklinga i kommunen. Lova forutsett samordning med ei rekke sektorlovar slik at planlegginga fremmar ei berekraftig utvikling. Kommunen bør ha gode rutinar for å følgje opp dei kommunale planane. Difor er det viktig at kommunen har god kopling mellom plansystemet etter plan- og bygningsloven og styringssystemet i form av økonomiplan, budsjett og årsrapportering etter kommuneloven.
Modell av plansystemet
Planar skal styre samfunnsutviklinga
Eit grunnprinsipp i plan- og bygningsloven er at samfunnsutviklinga skal skje gjennom planar, og ikkje gjennom einskilde vedtak. Plan- og bygningsloven kan omtalast som ein «prosesslov». Lova legg føringar for kva planar kommunen skal og kan utvikle, og korleis prosessen med å utvikle planane skal vere. Lova har føringar for planlegging både på statleg, regionalt og kommunalt nivå.
Det kommunale plansystemet legg opp til strategisk styring gjennom tydelege samanhengar frå:
Strategiske og langsiktige planar med vekt på planstrategi og kommuneplan. I planstrategien tek kvart kommunestyre stilling til kva planoppgåver dei skal prioritere i sin kommunestyreperiode. Samfunnsdelen definerer overordna visjonar, satsingsområde, mål og strategiar for samfunnsutviklinga. Arealdelen skal følgje opp samfunnsdelen ved å definere kva som er lovleg arealbruk i kommunen.
Planar knytt til konkrete sektorar eller tiltak består av underliggande strategiar, tema-, sektorplanlegging og tematiske kommunedelplanar som følgjer opp samfunnsdelen eller er innspel til den, og reguleringsplanar eller kommunedelplanar for utvalde areal, som i utgangspunktet skal følgje opp eller supplere arealbruken gitt i arealdelen.
Den faktiske gjennomføringa og kontinuerlege oppfølginga består mellom anna av endelege prioriteringar av tiltak i handlingsdelen og prioriteringar av økonomiske disponeringar i økonomiplanen gjennom årlege rulleringar, og kontinuerleg byggesaksbehandling, detaljregulering, kommunaldrift mv.
God samanheng og raud tråd frå overordna planlegging og til kontinuerleg oppfølging skal sørge for at dei ulike aktivitetane og økonomiske prioriteringane som gjerast i kommunen bygger opp om den ønska samfunnsutviklinga som kommunestyret har vedtatt i samfunnsdelen. Sjå film med fem gode grunnar for å planlegge.
Strategiske planleggingsoppgåver i kommunane
Det er kommunestyret som vedtek kommunale planar, og plansystemet er nært knytt opp til valperiodane. Loven legg difor opp til at kvart kommunestyre skal ta stilling til overordna strategiar og mål for samfunnsutviklinga, gjennom å vedta planstrategi og vurdere kommuneplanens samfunnsdel og arealdel.
Kommunestyret skal vedta kommunal planstrategi innan eit år etter konstituering. Her skal kommunestyret sjå på samfunnsutviklinga i kommunen, og ta stilling til kva planar kommunen skal utarbeide i komande fireårsperiode. I planstrategien skal kommunestyret vurdere om det er behov for endringar av kommuneplanen sin samfunnsdel og/eller arealdel.
Kommunen skal ha ein kommuneplan som består av samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Samfunnsdelen og arealdelen skal legge føringar for samfunnsutviklinga både på lang og kort sikt. Det er ikkje krav til at kommunen utarbeider ny samfunnsdel og arealdel kvar kommunestyreperiode. Men gjennom planstrategien skal kommunestyret gjere seg kjend med kommuneplanen og vurdere endringsbehov. Om det er omfattande endringsbehov kan det vere behov for å utarbeide ein heilt ny kommuneplan, men ofte kan det vere nok å endre delar av eller gjere justeringar av kommuneplanen. Handlingsdelen skal rullerast kvart år i samband med kommunens økonomi- og budsjettarbeid.
Detaljplanlegging i kommunane
Den strategiske planlegginga i kommuneplanen blir følgt opp gjennom underliggande strategiar, tema-, sektorplanlegging og tematiske kommunedelplanar som følgjer opp samfunnsdelen og kommunedelplanar eller områderegulering for utvalde areal. I planstrategien tar kommunestyret stilling til behovet for denne type meir detaljerte planar, og om det er behov for slikt planarbeid i kommunestyreperioden.
Kommunedelplanar er del av kommuneplanen, men er meir avgrensa enn samfunnsdelen og arealdelen. Kommunedelplanar kan vere tematiske eller gjelde for avgrensa areal i kommunen. Tematiske kommunedelplanar følgjer opp samfunnsdelen ved å ta for seg eit spesifikt tematisk område som kommunen meiner ikkje er tilstrekkeleg utdjupa i samfunnsdelen. Kommunedelplanar kan og gjelde utvalde areal i kommunen, der kommunen ser behov for å planlegge eit større område under eitt samtidig som dei ikkje har behov for å opne kommuneplanprosess for heile arealdelen.
Reguleringsplanane følgjer opp og konkretiserer arealdelen. Arealdelen definerer hovudlinjene i kva som er lovleg arealbruk for større samanhengande område i kommunen, til dømes ved å sette av større bustadområde i planen. I reguleringsplanar blir arealbruken detaljert for mindre områder, til dømes ved å vise korleis areala i bustadområdet skal brukast til dømes til bustadtomter, veg, leikeplassar, grønstruktur og parkering. Kommunen utarbeidar i hovudsak områderegulering medan detaljregulering ofte først utarbeidast når eit konkret prosjekt skal gjennomførast. Jf. at detaljregulering og byggesak kan handterast samla.
Årlege prioriteringar
Kvart år skal kommunestyret prioritere korleis kommuneplanen skal følgast opp det neste året og dei neste 4 åra.
Kommunen bør jobbe systematisk med å styrke oppfølginga av kommuneplanen. I dette arbeidet er det spesielt viktig å ha god kopling mellom dei overordna planane etter plan- og bygningsloven og verktøya for økonomiplanlegging og rapportering i kommuneloven.
Handlingsdelen konkretiserer handlingsmål og tiltak som viser korleis samfunnsdelen skal følgast opp dei neste 4 åra. Kommunestyret skal revidere handlingsdelen kvart år. Kommunen kan velje å la økonomiplanen etter kommuneloven §44 inngå i handlingsdelen. Økonomiplanen skal likeins som handlingsdelen gjelde for 4 år, og skal vise forventa inntekter, bruk av midlar og prioriterte oppgåver. Handlingsdelen og økonomiplanen er det viktigaste verktøyet for å sikre for økonomisk planlegging og styring i kommunen.
Årsbudsjettet viser korleis kommunen skal bruke sine økonomiske midlar det neste året. Kommunen bør ha eit godt system for å sikre samanheng mellom handlingsplanen med økonomiplan og den årlege økonomiplanen.
Prosessen knytt til årsmelding og rekneskap er eit godt høve for å evaluere måloppnåing i handlingsdel med økonomiplan og eventuelt revidere måla for neste fireårsperiode.
Lær mer
Lær mer om plansystemet i KS Folkevalgtprogram, modul 5. Målet med modulen er å gi folkevalgte innsikt i planprosessen og kunnskap om hovedlinjene i kommunal og fylkeskommunal planlegging.