Enkelplanlegging.no er ein nettbasert rettleiar som skal bidra til at små kommunar gjer gode val og planlegg gode prosessar for kommuneplanlegginga si utifrå eige behov og ressursar. Rettleiaren skal gje rettleiing i minimumskrava til kommunalt planarbeid, og gje innspel til gode arbeidsmåtar, kunnskapskjelder og støttespelarar.
Under arbeidet med rettleiaren, har representantar frå fylkeskommunane og statsforvaltaren i Nordland og Trøndelag vore med på ideutviklinga saman med følgjeforskarar frå Distriktskommune 3.0 (Ruralis), KS, KDD og Distriktssenteret. Increo har vore leverandør. Fleire kommunar har gitt innspel gjennom brukartesting av ein prototype. Innhaldet er produsert av Distriktssenteret og kvalitetssikra av planavdelinga i KDD.
Rettleiaren møter behov som har kome fram gjennom arbeidet i prosjektet Distriktskommune 3.0, og som er synleggjort av generalistkommuneutvalet (NOU 2023: 9 Generalistkommunesystemet — Likt ansvar – ulike forutsetninger) og gjennom distriktsmeldinga (Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida).
Distriktskommune 3.0 har vore eit innovasjons- og samskapingsprosjekt med tenestedesign som metodikk. Prosjektet er gjennomført i perioden 2020-2023. I Distriktskommune 3.0 har dei seks deltakarkommunane (Grane, Dønna, Moskenes, Tydal, Holtålen, og Røyrvik) arbeidd med samfunnsplanlegging på distriktskommunane sine vilkår.