6
Definer satsingsområde, strategiar og mål
Gjennom satsingsområde, mål og strategiar skal samfunnsdelen gje retning for samfunnsutviklinga i kommunen.
Råd/tips
INNEHOLDER LOVKRAV
Satsingsområde, mål og strategiar må spegle den politiske viljen i kommunen. , og kommunestyret må bidra aktivt når desse vert utforma. Det er ein fordel for samfunnsdelen som styringsverktøy om dei folkevalde kan samle seg om mål og strategiar i så stor grad som mogleg, på tvers av partipolitiske skiljelinjer.
Korleis har andre kommunar gjort det?
Kvar kommune må finne ei form på mål og tiltak som fungerer best for seg. Her er eksempel på korleis andre kommunar har gjort det.
- Samfunnsdelen til Luster kommune har 4 tverrfaglege og sektorovergripande satsingsområder. Kvart satsingsområde er brutt ned i Hovudmål og delmål. I tillegg har samfunnsdelen strategiar som viser korleis kommunen vil jobbe for å nå måla. Kommuneplanens handlingsdel for Luster kommune viser korleis måla frå samfunnsdelen er følgt opp gjennom strategiar, tiltak og investeringar.
- Samfunnsdel for Hitra kommune har tre sektorovergripande satsingsområde som tek utgangspunkt i innbyggaren sitt perspektiv. Kvart satsingsområde har eit hovudmål og mellom 3-5 delmål som går meir inn på korleis kommunen skal jobbe for å nå målet. Kvart mål og delmål er skildra i tekst som forklarer meir inngåande kva kommunen vil oppnå og korleis ein vil gå fram.
Verktøy og metoder
Lenker
Nedlastbart