10
Oppfølging etter vedtak
Når samfunnsdelen er vedtatt startar arbeidet med å sette planen ut i livet. Då er det viktig å ha god samanheng i plan- og styringssystemet i kommunen. Målet bør vere at kommunen jobbar kontinuerleg med samfunnsplanlegginga.
Råd/tips
INNEHOLDER LOVKRAV
Når dei folkevalde erfarer at samfunnsdelen får direkte verknad for økonomi og sakshandsaming kan det bidra til å auke forståing og engasjementet for samfunnsdelen som styringsverktøy.
Korleis har andre kommunar gjort det?
- Samfunnsdelen til Luster kommune har 4 tverrfaglege og sektorovergripande satsingsområder. Kvart satsingsområde er brutt ned i hovudmål og delmål. I tillegg har samfunnsdelen strategiar som viser korleis kommunen vil jobbe for å nå måla. Kommuneplanens handlingsdel for Luster kommune viser korleis måla frå samfunnsdelen er følgt opp gjennom strategiar, tiltak og investeringar.
- Nore og Uvdal kommune har i sitt handlingsprogram og økonomiplan for 2025 – 2028 ei tilnærming som gir god oversikt over drifts- og investeringstiltak. I tillegg vedtek kommunen planstrategien årleg gjennom handlingsplanen.