2
Planprogram
Brukar du nok tid i starten, kan du sleppe unna ekstraarbeid seinare. Lag ei oversikt over korleis du vil gjennomføre planarbeidet, og kva tema som skal utgreiiast (planprogram).
Råd/tips
INNEHOLDER LOVKRAV
Planprogrammet er ein plan for gjennomføring av planarbeidet. Det er forankra i plan og bygningslova § 4-1, og skal utarbeidast som eit ledd i varsling av planoppstart. Alle kommunale planar som har vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal ha eit planprogram. Dette inneber at det alltid skal utarbeidast planprogram som grunnlag for kommuneplanen sin arealdel.
Planprogrammet skal innehalde:
• Føremålet med planarbeidet
• Tema, satsningsområde og utviklingsstrategiar som er viktige for komande planperiode
• Presentasjon av kva som skal utgreiast for nye byggeområde og for å få heilskap i planen
• Plan for medverknad
• Framdriftsplan
Sakshandsaminga av planprogrammet skal følge reglane i forskrift om konsekvensutgreiingar § 6 og 7 (forskrift om konsekvensutredninger – Lovdata). Forskrifta § 21 har ei liste på aktuelle utgreiings tema. Før fastsetjing skal planprogrammet sendast på høyring i minimum 6 veker. Planprogrammet vert fastsett av kommunen – enten av kommunestyret eller av eit utval som er blitt delegert mynde i planarbeidet. Fastsetjing av planprogrammet er ikkje eit enkeltvedtak. Det betyr at verken offentlege instansar, grunneigarar eller andre kan klage på fastsett planprogram.
Verktøy og metoder
Lenker
Politikarverkstad om mål for arealdelen, sjå f.eks. opplegg fra Agder fylkeskommune: Gode tips til organisering av politiske arbeidsverksteder - Agder fylkeskommune
og her.
Nedlastbart