4
Utarbeide planforslag
Planforslaget som skal utarbeidast skal bestå av plankart, føresegner, planskildring og konsekvensutgreiing med ROS.
Råd/tips
INNEHOLDER LOVKRAV
Det er planprogrammet som er malen for korleis du skal løyse og gjennomføre planarbeidet. Det nye planforslaget skal følgje vedtatt planprogram, og blant anna bygge på samfunnsdel med arealstrategi, nasjonale forventningar og relevante regionale planar.
Planforslaget
INNEHOLDER LOVKRAV
Ein kan legge opp arbeidet med kommuneplanen sin arealdel på fleire måtar. Nokre fasar i prosessen vil vere meir tidkrevjande enn andre, avhengig av problemstillingar og kompleksitet. Situasjonen må tilpassast den einskilde kommune sin kapasitet og kompetanse.
Felles for alle kommunar er at kommuneplanen sin arealdel alltid skal innehalde:
• Planskildring
• Føresegner
• Konsevensutgreiing
• Risiko- og sårbarhetsanalyse
Mottak av innspel etter oppstart
INNEHOLDER LOVKRAV
Alle innspel som kjem inn til kommuneplanarbeidet skal journalførast i kommunen sitt sakshandsamingsystem. Ved seinare saksframlegg skal det framgå korleis verknader av planen, og innkomne fråsegner har vore vurderte, og kva betydning innspelet har hatt for vedtaket. Av saksframlegget skal det også gå fram korleis planforslaget ivaretek nasjonale og regionale omsyn.
Arealstrategien er eit godt utgangspunkt for å vurdere kva innspel som kan gå vidare til konsekvensutgreiing.
Siling
Ut frå areastrategien kan ein lage silingskriterium som gjer det lettare å innarbeide eller avvise forslag om nye utbyggingsområde. Døme kan vere:
- Ny utbygging skal/bør skje innanfor definerte vekstsoner
- Ny utbygging skal føre til redusert transportbehov, gjennom samordna bustad-, areal- og transportplanlegging med vekt på gange, sykkel og kollektivtransport.
- Ny utbygging innanfor 100-metersbeltet skal ikkje privatisere eller forringe kvalitetar og verdiar som råkar allmenn ferdsel og naturmangfald.
Medverknadprosessar
INNEHOLDER LOVKRAV
Gjennom heile planperioden skal kommunen sørge for medverknad og dialog med lokalsamfunnet. Kommunen har eit særleg ansvar for å legge til rette for medverknad frå grupper som ikkje er i stand til å medverke direkte, jf. § 5-1. Barn og unge har særleg rett til å medverke, jf. Rikspolitiske retningslinjer for barn og planlegging (Rikspolitiske retningslinjer for barn og planlegging – Lovdata).
Plankartet
INNEHOLDER LOVKRAV
Plankartet er saman med føresegnene til arealdelen eit juridisk bindande dokument for grunneigarar og rettigheitshavarar. Kartet skal framstillast etter heilt bestemte teiknereglar. Kva arealformål som kan fastsetjast i arealdelen, er fastlagt i plan- og bygningslova § 11-7. Dei 6 arealformåla som kan nyttast er «bebyggelse og anlegg», «samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur», «grønnstruktur», «anlegg for forsvaret», «landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift» og «bruk og vern av sjø og vassdrag».
Reglane for framstilling av plankartet finn du i Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister: Normal
Føresegner
INNEHOLDER LOVKRAV
Føresegner utgjer saman med plankartet den juridisk bindande planen. I arealdelen kan ein gje bindande føresegner til heile planområdet (§ 11-9), til dei enkelte arealformåla (§§ 11-10 og 11-11) og til hensynssonene i planen (§ 11-8).
Regjeringa sin rettleiar gjev ei god oversikt over føresegner til arealdelen: Kommuneplanens arealdel
Planskildring
INNEHOLDER LOVKRAV
Alle planar skal ha ei planskildring, jfr. Plan- og bygningslova § 4-2: Alle forslag til planar etter lova skal ved offentlig ettersyn ha ein planomtale som skildrar planen sitt føremål, hovudinnhald og verknader, samt planen sitt forhold til rammer og retningsliner som gjeld for området. For arealdelen skal planskildringa gje ei vurdering av planen sine verknader for miljø og samfunn.
Planskildringa er ikkje juridisk bindande, men kan brukast til å tolke plankartet og føresegnene dersom det oppstår tvil om føresegnene i planen.
Konsekvensutgreiing
INNEHOLDER LOVKRAV
Konsekvensutgreiinga til arealdelen skal omfatte alle nye byggeområde, og vise til konskvensane for planen som heile. Konsekvensutgreiinga bør integrerast i planskildringa, og skal omfatte tema og forhold som er definerte i planprogrammet.
Ros-analyse
INNEHOLDER LOVKRAV
Alle planar skal ha risiko- og sårbarhetsanalyse, jfr. Plan- og bygningslovens § 4-3.
Analysen skal vise alle risiko- og sårbarhetsforhold som har betydning for om arealet er eigna til utbyggingsformål, og eventuelle endringar i slike forhold som følgje av planlagd utbygging. Område med fare, risiko eller sårbarhet skal setjast av i planen som omsynssone.
Planforum
Regionalt planforum vert organisert av fylkeskommunen. Dette er ein arena der statlege, regionale og kommunale interesser i pågåande planarbeid vert kartlagt og søkt samordna. Statlege og regionale organ og kommunar som er råka av den aktuelle saka, skal delta. Det er tilrådd å presentere problemstillingane i planarbeidet før planprogrammet vert vedtatt, og før planen vert sendt på høyring. Det kan òg vere aktuelt å drøfte planforslaget i Planforum etter at høyringa er avslutta dersom det er reist motsegn mot planforslaget.
Arealrekneskap
Departementet tilrår at kommunane utarbeider ein arealrekneskap som del av kommuneplanarbeidet. Arealrekneskapen skal gje oversikt over kva for endringar som ligg i arealdelen, og det kan syne kva for utbyggingspotensial som ligg i eksisterande planar.