1
Planoppstart
Arealdelen til kommuneplanen (KPA) er eit arealpolitisk verkemiddel for å nå utviklingsmåla i samfunnsdelen til kommuneplanen (KPS). Innleiingsvis i planarbeidet er det viktige avklaringar som må på plass, før arbeidet kan setjast i gang.
Råd/tips
INNEHOLDER LOVKRAV
Ved oppstart av arealdelen til kommuneplanen eller ein kommunedelplan, gjeld reglane for varsel, planprogram, konsekvensutgreiing og høyring, gitt i plan- og bygningslova kapittel 11.
Start med å ta fram det kommunen har av grunnlag for arbeidet, som kommunen sin arealstrategi og føringar i planstrategien til kommunen, nasjonale forventningar, innmeldte behov i perioden frå førre rullering, mv.
Det er fleire avklaringar i startfasen som vil vere nyttige å gjennomføre:
1. Avklare med kommunedirektør og /eller leiargruppa om kva tema og problemstillingar som er aktuelle for rulleringa. Det kan vere at bestemte område er prioriterte, som strandsona eller fjellområde. Det kan handle om prioriterte arealformål (næring, fritidsbustad, sentrum osb.), eller prioriterte tema, til dømes omsyn til klima og miljø, eller område utsette for fare og risiko.
2. Avklar om planstrategien er tydeleg på kva rulleringa skal omfatte og om arealstrategien er oppdatert eller om det må gjerast vedtak kring den i planprogrammet
3. Fremje problemstillingar i politisk utval, slik at ein får fram og kan avklare kva tema som er mest relevante å ha merksemd på
4. Avklare interne og økonomiske ressursar til å gjennomføre rullering
5. Invitere til internt oppstartsmøte med etablering av prosjektplan der roller, mandat og oppgåver vert fordelt og avklart.

Fant ingen ofte stilte spørsmål.
Verktøy og metoder
Lenker
- Hva er planvask?
- Utredning: Grunnlag for revisjon av kommunale arealplaner
- Les meir om arealstrategi her.
Nedlastbart