5
Første gongs handsaming og varsling av høyring
Planutvalet eller det utval som er delegert som mynde handsamar planen og legg den ut på offentleg ettersyn og høyring.
Råd/tips
INNEHOLDER LOVKRAV
Skriv ei politisk sak som gjev eit oversyn over planen til politikarane og viser administrasjonen si overordna vurdering av planforslaget. Saka kan vere kort, med fokus på prosess og juridiske formalitetar, fordi det er planskildringa som skal syne innhald i planen.
I samband med at utvalet som er delegert myndig som planutval skal legge planen ut på høyring og offentleg ettersyn, vil det i mange tilfelle vere føremålstenleg å gje ein presentasjon av saka for utvalet. Plandokument kan være utfordrande å forstå, og for politikarane kan det vere nyttig å få høve til å stille spørsmål.
- Saksdokument: Sjekk at fastsett planprogram, plankart, føresegner, planskildring, konsekvensutgreiing og ROS-analyse er ferdigstilt. I tillegg bør liste over innkomne forslag til arealbruksendringar med kommentar, og dokumentasjon av medverknad ligge ved planforslaget.
- Sjekk tidsfristar for intern saksgang med interne høyrings- og skrivefristar.
- Spørsmål om eventuell habilitet blant politikarane som skal handsama arealdelen til kommuneplanen, skal handsamast etter kommunelova § 11-10 og forvaltningslova kapittel II
- Saksutgreiing: Sjå malar
- Etter politisk handsaming:
- Oppdater eventuelt plankart, føresegner og planskildring dersom det er politiske framlegg til endringar.
- Send ut varsel om høyringa til offentlege og private høyringsinstansar med dei sentrale plandokumenta tilgjengeleg som vedlegg; kart, føresegner, planskildring, saksutgreiing og det politiske vedtaket. Alle innbyggjarane skal varslast, men for fleirtalet vil ei elektronisk melding som visar til kommunen sine nettsider der heile planen vert lagt ut og kvar ein kan sjå planen fysisk, vere tilstrekkeleg.
- Reserver tid i regionalt planforum i høyringsperioden dersom det er problemstillingar som du antar kan føre til motsegn. Det gjev høve til å forklare dei lokale prioriteringane som ligg bak planforslaget.
Fant ingen ofte stilte spørsmål.