6
Offentleg ettersyn og høyring
Legg planforslaget ut på høyring, og offentleg ettersyn.
Råd/tips
INNEHOLDER LOVKRAV
Forslag til kommuneplanen sin arealdel skal sendast på høyring, og leggast ut på offentleg ettersyn jf. pbl § 11-14. Planen skal kunngjerast i minst ei avis som alminneleg er lest på staden, og gjerast kjent på kommunen sine nettsider. Frist for uttale, og eventuelt å fremje motsegn til arealdelen skal vere minst 6 veker.
Saksframlegget som følgjer planen, skal gjere greie for korleis verknadane av planen har blitt vurdert, og korleis innkomne fråsegner har blitt handsama. Det skal omtalast korleis desse faktorane har påverka planen. Av saksframlegget skal det også gå fram korleis planen handterer nasjonale og regionale omsyn.
I høyringsperioden vert det gjennomført medverknadsaktivitetar som er definert i planprogrammet. Det kan vere offentlege informasjonsmøte eller informasjon på kommunen sine nettsider. Dei aktivitetar som er fastsett i planprogrammet, må som eit minimumgjennomførast.
Høyringssvar (innspel) til planforslaget vil bli registrert i kommunen sitt postsystem og blir offentleg tilgjengeleg. Innspela må samlast og systematiserast slik at dei kan kommenterast og det kan dokumenterast korleis dei er vurdert når planforslaget kjem til 2. gangs handsaming eller slutthandsaming.