Gå til hovedinnhold
8

Sluttbehandling - vedtak i kommunestyret

Kommunestyret skal vedta kommuneplanen, men står fritt til å delegere framdriftsansvaret til anna politisk utval (formannskap/planutval).

Informasjon-ikon
Råd/tips
Paragraf-ikon
INNEHOLDER LOVKRAV

Etter at høyringsperioden er over, må innspela systematiserast og kommenterast. Innspel som er komne i samband med medverknad bør også gjerast greie for.

Dersom det under høyringa kjem inn nye forslag til område for utbyggingsformål, som kommunen ynskjer å ta inn i planen, må konsekvensar utgreiiast for desse områda. Deretter må endringa med konsekvensutgreiing leggast ut til nytt offentleg ettersyn (høyring). Dette vil og vere naudsynt dersom det er andre vesentlege endringar i planforslaget. Då må det gjerast greie for verknadane endringa vil ha for miljø og samfunn.

Avklar om saka skal via eit utval før den kjem til kommunestyret, eller om den går direkte. Sjekk behovet for intern avklaring av endringar i planforslaget før saksframlegget vert skrive.

Dersom det er reist motsegn til planforslaget frå statlege eller regionale myndigheiter må det gå tydeleg fram av saksframlegget. Her må det også gjerast greie for om det er gjennomført dialog/mekling med motsegnsmyndigheiter undervegs, og resultatet av dette.

Fant ingen ofte stilte spørsmål.