Møre og Romsdal
Kunnskapsgrunnlag Møre og Romsdal
Kunnskapsgrunnlag for planlegging i Møre og Romsdal
- Det er utvikla kommunestatistikk for kvar kommune i Møre og Romsdal, med grafisk framstilling av statistikk som er relevant i kommunen sitt planarbeid.
- Fylkesstatistikken er meint som eit arbeidsverktøy for kommunane, næringslivet og media, samt andre som har behov for oppdatert statistikk i sitt arbeid. Den er tenkt som eit bidrag til å identifisere utfordringar i fylket og gi eit kunnskapsgrunnlag for avgjersle, og som eit innspel for bruk i samfunnsdebatten.
- Dei regionale kunnskapsgrunnlaga for Møre og Romsdal gir kunnskap om fylket som heilskap og er mellom anna brukt som grunnlag for den regionale planlegginga.
I tillegg kan fylkeskommunen utvikle skreddarsydd statistikk for kommunar som har behov for det. Og fylkeskommunen vil gjerne vere diskusjonspart for kommunar som ønskjer støtte når det gjeld å tolke statistikken. Ta kontakt om du har spørsmål om dette.
Regionale planar
- Regional planstrategi er fylkeskommunen sitt overordnaplandokument. Regional planstrategi gir også viktige rammer for både statleg og kommunal planlegging i fylket.
- Regional planstrategi vert følgt opp gjennom fylkesplan med underliggande tematiske fylkesstrategiar som legg føringar for kommunal planlegging i fylket. I tillegg er fleire eldre regionale planar gjeldande og legg også føringar for kommunal planlegging.
Forventningsbrev
Kvart år sender Statsforvaltaren ut eit forventningsbrev til kommunane. Her informerer vi om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter.
Forventningsbrevet er skrive til politisk og administrativ leiing i kommunane, og til politiske utval og andre aktuelle medarbeidarar.
Forventningsbrevet erstattar ikkje statens fortløpande styringskommunikasjon med kommunane. Brevet samordnar forventningane, og målet er at det skal skape samarbeid og dialog.
Temakart - kommunedata
Statsforvaltaren har utarbeidd eit kart med lenker til relevant statistikk over kommunedata frå ulike offentlege etatar. Det er no heile 14 tema som er knytt direkte inn mot enkeltkommunar.
Utviklinga i kommuneøkonomien
Statsforvaltaren utarbeidar årleg ein rapport om utviklinga i kommuneøkonomien for våre kommunar. Her er lenke til rapporten Utviklinga i kommuneøkonomien for 2022 på våre heimesider.
Kommunebilde
Statsforvaltaren utarbeider kommunebilde for kommunane i Møre og Romsdal. Vi utarbeider kommunebilde for seks kommunar i året.
Kommunale plannettverk Møre og Romsdal
Regionale plannettverk
Kommunane i fylket deltek i regionale plannettverk. Dette er uformelle nettverk for planleggarar og andre som er involvert i planarbeid i regionen.
Nettverka er fagleg arena for
- å dele erfaringar med planarbeid og innspel til plansaker.
- å formidle gode eksempel og kjende utfordringar.
- opplæring og rettleiing
Kvart nettverk har årlege samlingar, der kommunane vekslar på vertskapet. Statsforvaltaren og fylkeskommunen koordinerer plannettverka.
Les meir om kommunale plannettverk i Møre og Romsdal
Andre nettverk
I tillegg samarbeider Fylkeskommunen og Statsforvaltaren og fleire andre faglege nettverk og kunnskapsarenaer som er relevante for planleggarar i kommunane. Ulike hendingar i desse nettverka blir lagt ut i god tid i fylkeskommunen sin kalender og statsforvalteren sin kalender over kurs, konferansar og arrangement.
Regionalt planforum Møre og Romsdal
Kvar månad arrangerer Møre og Romsdal regionalt planforum for kommunar og regionale etatar.
Les meir om regionalt planforum i Møre og Romsdal
Kva saker blir drøfta?
Planforumet skal drøfte konkrete plansaker, utveksle informasjon og avklare konkrete spørsmål og sektorinteresser. Det skal også bidra til at vi samordnar ulike interesser og syn, raskare får avklart ulike problemstillingar og oppnår meir samstemt praksis i plansaker. Regionalt planforum skal styrke planlegginga generelt og førebygge konflikter.
Alle kommuneplanar som skal rullerast bør leggast fram i regionalt planforum. Også kommunale planstrategiar, interkommunale planar, enkelte kommunedelplanar og større reguleringsplanar vil vera aktuelle å ta opp. Det same gjeld regionale planstrategiar, regionale planar, regionale planbestemmingar og andre saker av overordna prinsippiell karakter.
Møre og Romsdal ønsker at kommuneplanar og regionale planar skal bli drøfta to gonger, både før planprogrammet blir fastsett og før offentleg ettersyn.
Kontakt Møre og Romsdal
Her finn du oversikt over saksbehandlarane hos fylkeskommunen i Møre og Romsdal.
Her finn du informasjon om kontaktpersonar og hovudsaksbehandlarar i plansaker hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Korleis og kva gir vi rettleiing på i kommunale planar Møre og Romsdal
Fylkeskommunen og Statsforvaltaren sender ut nyheitsbrev om plan fire gonger i året.
Fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har samane med Distriktssenteret laga ei heil rekke korte filmar som gir grunnleggande kunnskap om sentrale tema i kommunane si planlegging.
Etter plan- og bygningslova har vi ansvar for å rettleie og støtte kommunane i deira planlegging.
Vi rettleiar kommunane ved å
- gi skriftleg tilbakemelding (fråsegn) på konkrete planar som kommunane har sendt på høyring
- svare på spørsmål på telefon og e-post
- delta i møter og synfaringar når det er behov
Les meir om kva vi ser etter når vi gir rettleiing til kommunale planar
Statsforvaltaren er statens representant i fylket og har fleire roller og oppgåver innan planlegging etter plan- og bygningslova. Ei viktig oppgåve for Statsforvaltaren i kommunale planprosessar er å sjå til at nasjonale og viktige regionale omsyn blir ivaretatt i planarbeidet. Fagområde som miljøvern, landbruk, helse, oppvekst og samfunnstryggleik står sentralt. I tillegg skal Statsforvaltaren sikre at kommunale vedtak i plan- og byggesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.
Vidare har Statsforvaltaren ansvar for handsaming av klager på kommunale vedtak i plan- og byggesaker etter lova. Statsforvaltaren har og rolle som meklar i plansaker der det ligg føre motsegn.